May Britt Øydvin

Heisan eg heiter May Britt Øydvin f.1960, og kjem frå Ulvik i Hardanger.

Busett på Voss.

Medlem i Kunstvandring Voss  og Norsk Kreativ Design

Utdanna meg til aktivitør i -92 - 94, med grunnkurs i teikning form og farge, men har ikkje vore i det yrket dei siste åra. Tok fagbrev som aktivitør i 94

No brukar eg tida til å male og å inspirere andre.

 

Har vore på tre malekurs i eit kloster i Itala, - 08, -09 og i 2012

 

Eg leika meg med farger og har funne fram til mange ulike måtar å male på. Det er kun fantasien som set stoppar for korleis ein kan male.

Jobbar og ein del med foto, naturbilder og foto av malerien mine som eg redigere og mikser litt på dei, og skapar ny bilder ut i frå det. Skriv og eigne dikt og tekstar som eg brukar/set inn på foto av maleriene.

 Designa oppskrift på Strikke gnomer som er for sal.

Sy åttebladroser i hardangersaum som eg brukt til trykk på akvarellark og på lettet.

 

Har hatt utstilling i:

Felllesutstillingar med andre medlemmar i Kunstvandring Voss på 19, Uttrågata 19, Voss

Festivalutstillar på Hardanger matkulturfestival i Eidfjord.

Ulvik kongresshall

Delteke på felles utstilling i Ulvik og i Bergen.

 

Har holdt fleire kurs i Kreativmaling i:

Gulen, Sogn og Fjordane

Bømlo, Hordaland.

Voss, Hordaland

Dale kunstlag, Hordaland

Ulivk, Hardanger

 

Mitt mål med kursa er skapargleda, og med enkle teknikkar viser eg deg korleis du kan skape ditt eige maleri utan at du treng noko kunnksap om maling.

 

La fargane inspirere og gje skapargleda.

 

Enten du tru du kan det, eller du trur du ikkje kan det, så har du rett.

 

Ingen ting er umogleg, det tek berre litt lenger tidKul