Informasjom om ulike kurs

Intuitivt malekurs og Kreativt malekurs

Kurs i Kreativ maling, akrylmaling
Lær å male på mange ulike måtar, det er kun fantasien som set stoppar.
Du kan male med cd, visakort, slikkepott, penslar, svampar, filler, plastfolie, osv.  nokre gonger vaskar ein og av bildet for å sjå kva som kjem fram, ein kan og bruke lite eller mykje vatn under maling. Nokre gonger høver det seg å bruke spruteflaske med vatn eller maling på maleriet. Du kan male på lerret, maleplater, lerretsark, nokre har og mala på hobbyplater.


Intuitive malekurs
Ei  reise i fargar som formar seg på lerretet. gje slepp på kontrollen og la fargane vise veg.
Startar med å puste oss inn i stilla og gje slepp på kvardagens mas. I din eigen væren tillet du skaparen i deg få kome fram. Mal fram ulike askpekt og storheten i deg. Den du er i all din gudommelighet. Du er unik.


Prisar for kurs:
Dagskurs: 10.00 - 17.00.  Kr 700,-
Helgekurs: fredag 18.00 - 21.00 lør/søndag 10.00 . 16.00. Kr 2.000, tidlegare kursdeltakarar kr 1.500,-

Langhelg: 2.200,-
Vekekurs: 2.500,-

Kursdeltakrar tek med dei akrylfargane dei likar, lerret/plater til å male på 
( Kan fort  male på mange så ta med rikleg med maleplater ) og maleredskap. Penslar, svamp, malerulle, gladpac, cd, visakort, slikkepott, papptallerkar, isboks til å ha vatn i, filler og tørkerull, maskeringstape, og spruteflaske. Plast/voksduk til å dekke bordet med. Maleklær og niste.

Kaffi, te og frukt vert servert
Anten du trur du kan det, eller du trur du ikkje kan det. Så har du rett.